Velkommen til Eid Elektro
Eid Elektro er eit elektrofirma med lange tradisjonar, god kompetanse, massevis av erfaringar og hyggjelege medarbeidarar.
Firmaet vart etablert 11.12.80 og starta opp i 1981 på Nordfjordeid med 9 tilsette og hadde fyrste året ein omsetnad på 1,8 million.
Firmaet har i alle år hatt ei positiv utvikling, spesielt dei seinare åra og har i dag 30 tilsette med ei omsetnad på 35-40 millionar.
Firmaet held i dag til i eigne lokale på 950 m2 i Øyane Industriområde, og inneheld lager, tavleverkstad, kantine/møterom, kontor og garderobe.
Målsettinga til firmaet er at vi skal vere ein lokal marknadsleiande elektroentreprenør og tavlebyggar, med høg kompetanse og servicegrad. Firmaet skal utvikle seg i forhold til marknaden og i lag med kunden. I tillegg skal firmaet vere ein trygg og god arbeidsgjevar som er samfunnsengasjert, og som skal kunne tilby dei tilsette spennande og utfordrande jobbar.
Firmaet er organisert med to avdelingar der installasjonsavdeling tek seg av den tradisjonell elektroinstallasjonen med eindel utvida arbeidsområdar/nisjar og teknisk avdeling tek seg av det som går på industri, automasjon, tavlebygging, mjølkerobot, m.m.
I tillegg har firmaet ein montørbase i Syvde i Vanylven kommune som er med å tek seg av den aktivitet vi har i den regionen.
Sjå under våre tenester kva firmaet kan tilby av tenester.


