Industri/Næring
Eid Elektro er ein stor aktør i marknaden for elektroinstallasjonar og servicearbeid i industri, kontor, offentlege bygg, landbruk og næring i midtre Nordfjord. I tillegg har vi ein tavleverkstad som leverar hovud-/underfordelingar over heile landet, og vi har montering/servicearbeid på mjølkerobotar i heile Sogn og Fjordane og på Sunnmøre.
Våre montørar, teknikarar, ingeniørar og saksbehandlarar har lang erfaring og brei kompetanse, og vi kan utføre dei fleste typar installasjonar innan både elektrosterk-/svakstraum, automasjon, teleinstallasjonar, nettverk, alarmar, robotar m.m.
I tillegg utfører vi Internkontroll, el-sjekk, Gjensidigekontrollar, dokumentasjon, prosjektering m.m.
Vi held til i funksjonelle lokaler med eit stort tavleverkstad og lager med mykje elektrisk materiell/utstyr. Vi har og fleire servicebilar og vaktordning for industri og mjølkerobotar.
Eid elektro er medlem av Moeller eXpert nettverk, Norsk Eltavleforrening, Nelfo og samarbeidar med Fjøssystemer.
For oss er ingen oppdrag for små eller for store så ta gjerne kontakt med oss.
Vi utfører:
|
Adgangskontroll |
Innbrotsalarm |
![]() |



