Tavleverkstad
Ledande tavlebyggar
Eid Elektro har 13 mann som jobbar med tavlebygging og er såleis ein av dei ledande aktørane innanfor denne bransjen på vestlandet.Vi bygger tavler av dei aller fleste typar, fra hovud- og fordelingstavler, til automasjonsløysingar og spesialanlegg som tuneller, kraner offshore, industrielle styreskap og SD-anlegg. Vi leverer no mellom 300 og 350 tavler i året, dei fleste mellom 630A og 5000A.
Spesialisering
Eid Elektro er ein av landets sterkaste leverandører av tavler til tunellar og veglys, fra Vardøtunnelen i nord til Baneheia-tunnelane i sør, fra korte tunnelar til verdas lengste i Lærdal.I 2008 og 2009 leverer vi blant anna tavler til Norges mest trafikkerte tunnel, Festningstunnelen.
Vi har fokus på tavler til industrianlegg, offentlege bygg og næringsbygg, som Moa Amfi-senter (Ålesund), Storkaia Amfi-senter (Kristiansund), Ekornes, Langsten, Ormen Lange, Norsk Hydro og National Oilwell Varco.
Der kunden krev null-feil og full dokumentasjon er vi med
Mange installasjoner er så komplekse at tavleleveransen MÅ være feilfrie og levert i rett tid for å unngå kostbare opprettingar og endringar. For å oppnå ein så høg kvalitet, satser vi sterkt på medarbeidarar med faglig ballast og erfaring. Alle medarbeidarar har fagbrev som elektromontørar og mange har tilleggsutdanning i automasjon og/eller Teknisk Fagskole.
Kvalitetsmål
Vi veit korleis ei skikkeleg tavle skal sjå ut og sørger for å levere dei med alt naudsynt tilkoblingsutstyr, aluminiumsklemmer, flenser osb. slik at tilkoblinga kan gjerast raskt og effektivt. Og heilt utan feil.
I praksis betyr det at vi alltid leverar en komplett tavle med:
- all naudsynt dokumentasjon og bygd etter gjeldande normer og forskrifter
- komplett og systematisert perm med all dokumentasjon, gjerne påført vår kundes logo og kontaktinformasjon på tegninger og forsiden (dersom ønskjeleg)
- Vi leverer alltid elektronisk dokumentasjon - Alle kursfortegnelser, skjemateikningar, FDV, teknisk data for komponentane, samt termiske bereikningar, testskjema og samsvarserklæringar er inkludert.
Vi står på ekstra når vi må
Vi er ein fleksibel gjeng som strekker oss langt for å levere i rett tid, og som sørger for at sluttkontrollene blir gjennomførte likevel. Sjølv haste-leveranser vi "hiver oss rundt for å bygge..." blir kontrollert etter de samme strenge reglene som alle andre tavler blir testa mot.


