Mjølkerobot og landbruksautomasjon

Landbruk

Landbruksnæringa har alltid vore eit satsingsområde for Eid Elektro. Veldig få andre næringar satsar så mykje på teknologi som bøndene.

Eid Elektro bil og en traktor foran en låve.

Arbeidsområde

Ein moderne fjøs består ofte av robotar for mjølking, foring og reingjering og mykje anna automasjon. Det er også store krav til dei elektriske installasjonane av desse bygga, for å ivareta tryggleiken til dyra både mtp brann, elektrisk sjokk og generell dyrevelferd. Eid Elektro har sidan 2006 vore servicepunkt for Fjøssystemet på Nordvestlandet, og våre sertifiserte servicemontørar står klare med fullt utstyrte servicebilar, og vi kan hjelpe bonden 24 timar i døgnet, 365 dagar i året. Eid Elektro dekkjer servicebehovet for alle Lely-anlegg innan ein radius på 3-4 timar.

I tillegg har vi eigne montørar som er spesialiserte på elektriske installasjonar i fjøs, og vi utfører internkontroll (NEK405) og termografering av landbruksinstallasjonar.

Lely Franchise Center

Via Lely Franchise Center konseptet, som krev at det kun må utførast service på robotane av sertifiserte servicemontørar, har våre kundar ein tryggleik for at dei får ein profesjonell service og rettleiing i bruk av sitt utstyr i fjøsdøra. I samband med dei faste serviceettersyn vert det føreteke løpande målingar og det vert gjeve forslag og rådgjeving til eventuelle oppdateringar og forbetringar.

Sjekk gjerne nettsida til vår samarbeidspartner:
fjossystemer.no/

Installasjon av landbruksbygg

Gjennom vår satsing på landbruksautomasjon har vi også opparbeida oss svært god kompetanse og erfaring på installasjon av landbruksbygg og felles-fjøsar. Vi har levert komplette el-installasjonar til ei rekkje av dei større landbruksbygga som er blitt oppførte i vår region dei seinare åra, og kan levere konkurransedyktige prisar på installasjon av nybygg eller rehabiliteringar.

  • El-proffen
  • ETON
  • NANS
  • nelfo
  • nemko
  • nemko
  • startBank
  • sentralt godkjent
  • Norsk tavleforening
  • Miljøfyrtårn
  • Representerer nordfjord